Eg ser at du har ein god del tall frå nåværene tid, men ingenting fra tidlegare tider.
Der var ein tid då laks og sild ble brukt som gjødsel på gårdsbruka, og hvor tenestefolka fekk underskreven kontrakt på at dei ikkje skulle ha laks til middag oftare enn fem dagar i veka.
Når Sjøauren og laksen gjekk i store stimar slik makrellen gjer i dag.
Foskjellen på oppdrett og vill fisk er at vill fisk flyttar på seg, fjordane var mykje rikare på all slags liv før,og hvor fiskens avføring aldri rakk å nå botn før dyre og planteplankton hadde tekje det opp i økosystemet.
Mesteparten av spillstoffa frå eit oppdrett er ikkje avføriing frå fisken, men overskuddsfor.
Visste du at laks og regnbogeaure er fire-fem ganger så effektive i matvegen som eksempelvis høns ?, og fleire titals gonger meir effektiv enn kyr og andre vanlege gårdsdyr ?
det skal to kilo med fiskefor for at ein regnbogeaure skal dobla vekta si frå ein til to kilo.
Oppdrett kan være mykje meir effektive og skånsomme mot naturen om dei hadde flytta dei på land. I landbaserte anlegg er spillfor taper redusert med 90% i forhold til i merder. Vatnet frå landbaserte anlegg kan rensast og nyttas om igjen (Ca 95%).
Når det gjeld lakselusa så ser eg at du må ha vart med og måla i versting fjordar, for i dei mest oppdrettstette områda på vestlandet er nivået på lus satt til 4 lus per fisk. Om snittet går over dette blir anlegga behandla, synkront i heile fjorden. Likevel kjem ikkje laksen i Vosso tilbake, og kvifor

Forskarane har radiomerka utvandrande smolt og fulgt den i vandringa utover fjorden. Av 1000 smolt som går ut er det 2-3 som når havet. Ingen av desse har nevneverdig med lus på seg, og kvifor har daleleva som er like ved sidan av vosso blomstra opp til å bli ein av vestlandets beste elvar i forhold til storleiken på elva ?
Forskjellen er at i Daleleva er det blitt gjord ein iherdig innsats for å forbetre gytemulighetene for fisken. Sidebekkar som tidligare var i røyr er greven opp igjen. Ny gytegrus lagt ut. Stamfisk oppdrett oppretta, samt ein heil haug med andre tiltak. Man prøvde i byrjinga å slepe smolten til havs for å setja den ut utanfor fjordåpninga, for å sleppa lakselusa, men ein har etter kvart skjønt at dette ikkje var nødvendig. Smolten kommer seg til havs alikevel.
Det som gjer at laksesmolten i Vosso forsvinn er ikkje lakselus, men forrureining. Vosso laksen går først innover fjorden og rundt Osterøy. Den passerer då eit område av fjorden som er svært brakkt og hvor sur nedbør og annan forrureining har vaska store mengder alluminium ut i vatnet. Vatnet i området er rett og slett giftig for smolten. I dette området er det ingen fiskeoppdrett. der har aldri vore det heller. Oppdretta ligg eit par mil lengre ute i fjorden, ute mot fjord munningen. At du har vore med og filma i ein versting fjord som heilt sikkert har hatt meir enn bare forrureiniing frå oppdrett som har øydelagd er ett enkelt tilfelle.
Poenget mitt er ikkje å seia at oppdrett ikkje er med som faktor til å øydeleggja for fisken, men at oppdrett er langt ifrå hovedsyndaren. Hovedsyndarane er vi som går rundt og peiker finger på alle andre og skylder på den eine og den andre for laksens tilbakegang, nemlig samfunnet som helhet.
Nei slutt å skulde bare på oppdretterene og yrkesfiskerene, og rett heller blikket på alle de andre faktorene som øydelegg. Ikkje berre for laksen, men for naturen vår generellt.
For å nevne oppdrett ein siste gong. Der er metoder å drive oppdrett på miljøvennlig måte. Kinesaranae har hatt fiskeoppdrett i over 3000 år utan at det har skadet naturen deira. Oppdrettsnæringa i Noreg burde kansje retta blikket austover for å lære noko nytt.